Det er sommartid ved Rosendal helsesenter frå 20. juni til 14. august.

Det er sommartid ved Rosendal helsesenter frå 20. juni til 14. august.

Sommartid ved Rosendal Helsesenter

Sommartid ved Rosendal Helsesenter er 20. juni til og med 14. august.

Det er i desse vekene variabel bemanning ved helsesenteret. Du må difor rekna med ventetid i forhold til det vi plar ha, både på telefon og når du er her for ein avtale.

Lege som er på ferie har stengt e-konsultasjonar i ferien. Sjå Helsenorge om kva som gjeld for din fastlege om du lurer.

Drop in blodprøvetaking for dei som har rekvisisjon men ikkje legetime er mellom kl 08.30 og 10.30 kvar dag.

Ulike undersøkingar/prosedyrar på skiftestova gjer vi etter avtale med deg. Vi gjer i regelen ikkje rutinekontrollar i ferietida.

Ta kontakt med oss på telefon om det er noko du lurer på så finn vi den beste løysinga for deg.

Vi har daglegevakt her på senteret kvar kvardag alltid.

Med ønskje om ein fin sommar til deg og dine!

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay