
Prosjektleiar Kenneth Nakken Angedal (t.h.) stiller på folkemøtet på Rosendal Fjordhotel 18. juni kl. 18. (Foto: Nordic Mining)
Nordic Mining Inviterer til nabomøte
Nordic Mining er i gang med arbeidet knytt til kvartsførekomsten i Kvinnherad, og dei inviterer til informasjonsmøte og nabomøte 18. juni kl. 18.
– Vi ønsker eit godt naboskap, god dialog og å bli betre kjende med lokalsamfunnet. Difor inviterer vi naboar og andre interesserte til første opne nabomøte onsdag 18. juni. På møtet vil vi gi informasjon om førekomsten i Kvinnherad, status i arbeidet og vegen vidare, opplyser Nordic Mining.
Dette første nabomøtet i Kvinnherad blir torsdag 18. juni kl. 18.00 på Rosendal Fjordhotel, lokalet Melderskin.
Nordic Mining vil også fortelja meir om som seg selskap, om kva som er gjort i Kvinnherad til no, kva som er planlagt vidare, og kva dette vil kunne ha å sei for deg som nabo i praksis.
Med på møtet blir mellom anna prosjektleiar Kenneth Nakken Angedal i Nordic Quartz, som prosjektet heiter hos gruveselskapet.
– Det er viktig for oss å ha ein open og god dialog med naboar og lokalsamfunn. Difor ønsker vi spørsmål og innspel velkomne på møtet. Vi ser fram til å møte naboar og andre interesserte til ein open og god dialog, sluttar Nordic Mining.
Meir om selskapet og prosjektet i Kvinnherad finn du på:
Naboinformasjon - Nordic Quartz Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
