Ferieavvikling ved Halsnøy helsesenter i sommar
Sommarferien vil påverka tilgjengelegheit og tilgang på medisinsk personell også på Halsnøy helsesenter.
Grunna ferieavvikling og mangel på vikarar, vil det bli redusert kapasitet på oppgåver utført av sjukepleiar som til dømes:
Blodprøvetaking, sårbehandling, tilgjengelegheit i skranke og telefontid.
Vi oppmodar publikum til å nytte Helsenorge til reseptar og timebestilling, samt til spørsmål det ikkje hastar å få svar på. Sjekk gjerne alt no at du har reseptar før ferien. Det vert ikkje sett vaksinar i ferieperioden.
Opningstider mån - fre 08.00 - 15.00. Telefonen er open mån - fre: 08.00 - 10.00 og 13.00 - 14.00
Blodprøvetaking og sårbehandling vert berre utført etter avtale om dette før du kjem. Du kan enten ved å ringe oss eller ta kontakt på Helsenorge.
Våre legar har ferie følgande veker:
Dr. Viktor Nilsson: veke 26 -29
Dr. Renata Jurcikoniene: veke 29 - 33
Dr. Carsten Simonsen: veke 30 - 33
Dr. Eivind Eide vil vera tilgjengeleg gjennom heile sommaren
E-konsultasjonsmeldingar vil bli stengt i de aktuelle ferievekene. Anna post vil bli lest av en kollega i desse periodane. Ver OBS at e-kontakt sendt via Helsenorge blir handtert av personell i skranke.
Sist oppdatert
