
Ferieavviklinga ved Husnes helsesenter
Grunna ferieavvikling og mangel på vikarar, vil det i sommar bli redusert kapasitet på oppgåver utført av sjukepleiar
Blodprøvetaking, sårbehandling og liknande, samt telefontid blir råka av ferieavviklinga. Vi oppmodar publikum til å nytte Helsenorge til resept-/timebestilling og spørsmål som ikkje haster å få svar på. Sjekk gjerne no at du har gyldige reseptar før ferien. Det vil ikkje bli sett vaksinar i ferieperioden.
Telefontid i vekene 26 til 33, vil vera kl. 08-1030 og 1300-1430.
I vekene 30, 31 og 32 vil det vera stengt for blodprøvetaking/sårbehandling delar av dagen. Ta kontakt på e-kontakt på Helsenorge eller tlf. for avtale før du kjem.
Legane ved Husnes helsesenter har ferie desse vekene.
Ali Mehri: vekene 26, 28, 29, 33
Anna T Lunestad: vekene 26, 27, 28, 29
Anne Brit Nygård: vekene 26, 27, 28, 29
Kristin Storhaug-Weberg: vekene 26, 27, 28, 29
Lena Johanna Aggvin: vekene 29, 30, 31, 32
Erlend N. Jensen: vekene 30, 31, 32, 33
Monzur M. Saikat: vekene 30, 31, 32, 33
Sindre N. Jensen: vekene 30, 31, 32, 33
Meldingar og anna innkomande post vil bli lest av ein kollega.
Sist oppdatert
