
No kan frivillige organisasjonar søkja momskompensasjon
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordela over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026.
Formålet med ordninga er å fremja frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjera for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.
Organisasjonen må vera registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søkja.
Søknadsfristen er 1. september 2026.
Det kan søkast etter to modellar. Minstegrensa for å søkja etter forenkla modell er 100.000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7.000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søkja gjennom sentralledd.
Merk: Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal senda søknaden via dei. Sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist.
For søknadsrunden 2026 er det nytt regelverk. De kan lesa meir om ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
