
Kvinnherad kommune gjer merksam på at det har danna seg ein bresjø i kanten av Folgefonna nær Bondhusbreen. Det er risiko for at vatnet kan tappa seg, eit såkalla jøkullaup* og føra til auka vassføring i området ned mot Bondhusvatnet. (Foto: UiB livekamera)
Viktig informasjon om naturfare i Bondhusdalen
Varsel om potensiell naturfare ved Folgefonna – oppmoding om å unngå mogleg utsett område i inste enden av Bondhusvatnet og langs elva opp til Bondhusbreen.
Kvinnherad kommune informerer om ein mogleg naturfare knytt til Folgefonna. Det er registrert danning av ein bresjø demd opp av Bondhusbreen i omlag 1350 meters høgde, og det ligg føre ein risiko for at denne kan tappa seg - eit såkalla jøkullaup* og føra vatn ned mot inste enden av Bondhusvatnet.
Ei eventuell tapping kan medføra rask og uventa auke i vassføring, som kan skapa farlege situasjonar i utsette område - spesielt langs elva som kjem frå Bondhusbrea og munnar ut i Bondhusvatnet.
På bakgrunn av dette ber kommunen om at alle som ferdast inst i Bondhusdalen utviser særleg varsemd:
- Opphald i det skraverte området på vedlagt kart må unngåast
- Oppsett skilting og avsperringar må respekterast
Det vil bli sett opp fareskilting fleire stader i Bondhusdalen, truleg i løpet av veke 25.
Kommunen følgjer situasjonen i samarbeid med faginstansar og vil koma med oppdatert informasjon ved behov.
*Jøkullaup er flaum og oversvømming som skuldast plutseleg auke i vassføring frå innsjøar demde opp av isbre.

Kart over det aktuelle området.
Sist oppdatert
