
Bruk av regnbogeflagget på skulane i samband med pridemånaden juni er ei synleg markering av arbeidet for eit trygt og inkluderande skulemiljø.
Oppmodar til å bruka pride-flagg i skulen
Regnbogeflagget symboliserer verdiar som respekt, likeverd og omtanke – grunnleggjande verdiar i opplæringa og samfunnsoppdraget til skulen.
Bruk av regnbogeflagget på skulane i samband med pridemånaden juni er ei synleg markering av arbeidet for eit trygt og inkluderande skulemiljø, der alle elevar skal kjenna seg velkomne og kunna vera seg sjølve. Skulen er ein viktig møteplass for mangfald, og elevane våre kjem med ulike bakgrunnar, erfaringar og identitetar. Dette mangfaldet er ein styrke for kvar einskild skule og for Kvinnherad-samfunnet.
Regnbogeflagget symboliserer verdiar som respekt, likeverd og omtanke – grunnleggjande verdiar i opplæringa og samfunnsoppdraget til skulen. Ei markering med bruk av regnbogeflagget kan òg leggja til rette for gode samtalar om mangfald, toleranse og inkludering. Det vil styrkja arbeidet mot mobbing, utanforskap og diskriminering, og byggja eit fellesskap der alle elevar høyrer til.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eit vedteke flaggreglement som seier noko om regnbogeflagg (eller andre flagg) ved skulane i juni. Skulane kan sjølve vurdera om dei vil flagga ut frå lokale behov, ressursar og kva som er praktisk gjennomførbart.
Utdanningsdirektoratet har slått fast at den norske skulen ikkje er verdinøytral (Pride: Skolen er ikke verdinøytral | udir.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.).
– Dersom nokon no er usikre på om pride har ein plass i skulen, ønskjer vi som fagdirektorat å fjerna all tvil om dette. Skulen i Norge er ikkje verdinøytral. Dagens verdigrunnlag har vakse fram over mange år, og det er tydeleg forankra i lov og læreplanar.
Læreplanane er heilt klare på at skulen skal formidla kunnskap og fremja haldningar som sikrar likeverd og likestilling. Elevane skal læra om temaa seksualitet, kropp og grensesetting. Dei skal reflektera over etiske spørsmål og problemstillingar som gjeld identitet, kjønn, seksualitet og psykisk helse, skriv Udir-direktør Morten Rosenkvist på nettsidene til direktoratet.
På bakgrunn av dette støttar Kvinnherad kommune opp om flagging med regnbogeflagg på skulane i Kvinnherad.
Sist oppdatert
