
Daidalos Dahle blir kultursjef i Kvinnherad kommune.
Dahle blir kultursjef i Kvinnherad kommune
Kvinnherad kommune har tilsett Daidalos Dahle som kultursjef. Han tiltrer stillinga 1. juni, og kjem frå rolla som avdelingsleiar ved Kulturarena.
Kvinnherad kommune har tilsett Daidalos Dahle som einingsleiar for kultur. Han har brei erfaring frå kulturfeltet og kjem frå stillinga som avdelingsleiar Kulturarena i Sektor Samfunnsutvikling.
Dahle har gjennom tilsettingsprosessen vist eit sterkt engasjement for å utvikla Kvinnherad som ein kulturvenleg kommune, med særleg vekt på tilgjengelege lågterskeltilbod, tett samspel med frivillig sektor og betre samordning av dei kommunale kulturtenestene.
Han peikar på at ei god utvikling av kulturtilbodet må byggjast stegvis, med realistiske økonomiske rammer og brei involvering av både tilsette og lokalsamfunn. Samstundes ønskjer han å styrkja kulturfeltet si rolle i kommunen sitt overordna utviklingsarbeid, mellom anna innan folkehelse, inkludering og stadutvikling.
Som leiar legg Dahle vekt på tillit, tydelege rammer og godt samarbeid på tvers av fagmiljø. Han ønskjer å byggja eit arbeidsmiljø prega av open dialog, involvering og tryggleik, der medarbeidarane får både ansvar og handlingsrom.
Dahle har også eit sterkt fokus på samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, og meiner kommunen skal vera ein aktiv medspelar som legg til rette for initiativ og aktivitet i lokalsamfunnet.
– Eg ser fram til å vidareutvikla kulturtilbodet i Kvinnherad i tett samarbeid med tilsette, frivillige og innbyggjarar, seier Dahle.
Kommunalsjef Samfunnsutvikling Anbjørn Høivik peikar på at Dahle gjennom intervjua har vist strategisk forståing og evne til å omsetja mål til praktisk handling.
– Vi er svært glade for å ha Daidalos Dahle på laget. Han kombinerer fagleg tyngde med initiativ, kreativitet og gode samarbeidsevner, seier Høivik.
Sist oppdatert
