Demensvennleg samfunn hadde informasjonsmøte i Dinosaurhuset i Steinparken i starten av mai.

Demensvennleg samfunn hadde informasjonsmøte i Dinosaurhuset i Steinparken i starten av mai.

Informasjonsmøte om demensvenleg samfunn

Biblioteket på Husnes og Dinosaurhuset i Rosendal var åstadane då arbeidsgruppa for Demensvenleg samfunn inviterte til informasjonsmøte/kurs for butikktilsette.

Det er Nasjonalforeningen for folkehelsen som står bak kursmateriellet, og det var leiar i Hukommelsesteamet Evelyn Mehl Willumsen som losa dei butikktilsette gjennom det timeslange føredraget.

På Husnes i slutten av april vart det ei open stund med god dialog og mange spørsmål frå dei frammøtte. I Rosendal i starten på mai fekk om lag ti butikktilsette og helselagsmedlemmer det same føredraget, og også her var det god tid til dialog kring problemstillingar og kvardagsutfordringar.

Felles for begge plassane var gode tilbakemeldingar på innhald og nytteverdi i kurset. Pårøranderepresentant Kjellfrid Bruntveit var blant ressurspersonane som var med på møtene

Husnes-møtet på biblioteket vart ei informativ og kunnskapsdelande stund.

Husnes-møtet på biblioteket vart ei informativ og kunnskapsdelande stund.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay