IT-sjef Ronny Raudstein (t.h.) avløyste Kvinnherad Breiband-leiar Gunnhild Hillestad under møtet i beredskapsrådet.

IT-sjef Ronny Raudstein (t.h.) avløyste Kvinnherad Breiband-leiar Gunnhild Hillestad under møtet i beredskapsrådet.

Sette beredskap på dagsorden

Tysdag 19. mai vart det halvårlege møtet i beredskapsrådet halde. Hovudfokus var totalforsvaret, leveringstryggleiken for breiband og overordna risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS).

Beredskapsrådet er på kring 30 personar, og er breitt sett saman. Både politi, brann og redning, helse, straum- og breibandsleverandørar, representantar for dei frivillige og kommunedirektøren si leiargruppe er på plass i rådet.

Beredskapskoordinator Gunn Tove Petterteig nytta høvet til å snakka om totalforsvarsåret 2026, og kva som ligg i totalforsvaret – inkludert kva som er forventa av oss alle i samband med dette.

– Me har ei plikt til å bidra, understreka ho, og varsla at det blir mykje aktivitet knytt til dette.

Kvinnherad kommune skal mellom anna ha ei øving saman med Stord kommune i haust som ein del av dette arbeidet.

Dagleg leiar i Kvinnherad Breiband Gunnhild Nilsen Hillestad fortalte om hennar bedrift og kvifor beredskap er viktig for dei.

– Utan stabilt breiband kollapsar samfunnet slik det no fungerer, sa Nilsen Hillestad.

Redundans på både straum og fibernett er avgjerande for å sikra oppetida.

– Det viktigaste er at me er førebudde på kva som kan koma av uønska hendingar, og har planar for å handtera desse, sa ho.

IT-sjef Ronny Raustein snakka om Kvinnherad kommune sin IT-beredskap, Egil Eide frå Vatn og avløp forklarte viktigheita av nett for vassforsyninga i regi av Kvinnherad kommune.

Møtelyden jobba også med deler av den overordna ROS-analysen for Kvinnherad kommune. Medlemmene av rådet gav sine synspunkt på kva det er størst risiko med. Storulykker knytt til t.d. vasskraft/ straumnett/tunellar/ ferjetrafikk/Hydro Husnes, kritisk infrastruktur, naturhendingar eller akutt forureining, for å nemna nokre.

Tilbakemeldingane gjekk grovt oppsummert på vatn og straum, mat og forsyningssikkerheit, varetransport og drivstoffreserve, og cruiseskip på besøk med mange sjuke om bord. Kommunen sikrar at tilbakemeldingane vert tatt inn i den overordna ROS-analysen.

Møtet i beredskapsrådet var avslutningsvis innom evakueringsplanen til Kvinnherad.

 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay