– Dette er for unge førstegongsetablerarar, det er for dei som ikkje har kome gjennom det tradisjonelle lånesystemet. Håpet er at me skal få folk i hus. Det å eiga sitt eige hus er positivt for alle, seier ordførar Vegard Bjørnevik.

– Dette er for unge førstegongsetablerarar, det er for dei som ikkje har kome gjennom det tradisjonelle lånesystemet. Håpet er at me skal få folk i hus. Det å eiga sitt eige hus er positivt for alle, seier ordførar Vegard Bjørnevik.

Har fått 30 millionar i startlån til førstegongsetablerarar

Kvinnherad kommune har søkt om og fått 30 millionar kroner til å låna ut til dei som skal etablera seg for første gong.

– Det er veldig gledeleg at me har fått søknaden støtta. Me har prøvd på dette tidlegare utan å lukkast, men no er pengane tilgjengelege, og dei er eit viktig og godt insentiv for å syta for gode rammevilkår for kvinnheringane som ynskjer seg ein bustad, seier ordførar Vegard Bjørnevik om startlånet til førstegongsetablerarar.

Husbanken har starta ei forsøksordning med startlån retta mot førstegongsetablerarar. Målet er å gjera det lettare for personar som har langvarige utfordringar med å få bustadlån i banken å koma seg inn på bustadmarknaden.

Ordninga rettar seg hovudsakeleg mot dei som kjøper bustad for første gong. Det betyr at fleire som er noko betre økonomisk stilt enn dei som får startlån i dag, får mogelegheit til å kjøpa sin egen bustad.

Kvinnherad har fått søknadssummen om 30 millionar kroner. Den store skilnaden frå ordinær finansiering gjennom bankar ligg i eigenkapitalkravet. I staden for ti prosent eigenkapital, treng du berre fem prosent for å kunna få lån via denne ordninga.

– Dette er for unge førstegongsetablerarar, det er for dei som ikkje har kome gjennom det tradisjonelle lånesystemet. Håpet er at me skal få folk i hus. Det å eiga sitt eige hus er positivt for alle. Dette er ein stor sum, og me håper me kan bidra til at endå fleire kvinnheringar kan få eiga sin eigen bustad, og få tilrettelagt han til sine behov, legg Bjørnevik til.

Husbanken skriv elles dette om kriteria for lånet:

«Det gjelder nokre andre kriterier for startlån som gis gjennom forsøksordningen enn for ordinært startlån.

Lånet skal i hovedsak gis til personer som ikke har eid bolig før. I tillegg stilles det krav om egenkapital på fem prosent av boligens markedsverdi. Søkerens mulighet til å spare skal også vurderes strengere enn ved ordinært startlån.

Lånet skal betjenes med avdrag. Terminbeløpet skal tilsvare et startlån med maksimal løpetid på 30 år. Etter ti år skal restlånet refinansieres i privat bank eller med ordinært startlån.

Som for ordinært startlån er det et krav at søkeren ikke har fått boliglån i privat bank.»

Meir om retningslinjer og lenke til søknadsstad finn ein på kommunen sine sider Åpnes i nytt vindu. eller via Husbanken sine sider Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay