Områdesjef kaptein Tor Vidar Sæle heldt tale og la ned kranse på bautaen ved Husnes kyrkje.

Områdesjef kaptein Tor Vidar Sæle heldt tale og la ned kranse på bautaen ved Husnes kyrkje.

Frigjerings- og veterandagen flott markert

Fredag markerte Kvinnherad kommune Frigjerings- og veterandagen med kransenedlegging på bautaane ved Husnes kyrkje og ved rådhuset.

8. mai i kommunal regi starta med flaggheising utanfor rådhuset presis klokka åtte. To timar seinare var det klart for talar, song og kransenedlegging på bautaen til minne om dei falne i andre verdskrigen ved Husnes kyrkje.

Ordførar Vegard Bjørnevik heldt hovudtalen (gjengjeven under), før han gav ordet til områdesjef i Kvinnherad og Indre Hardanger Heimevernområde kaptein Tor Vidar Sæle. Skulekoret ved Husnes barneskule bidrog med tre vakre songar før kaptein Sæle la ned kransen.

Seansen ved Husnes kyrkje samla både veteranar, skuleelevar og bygdefolk, og vart ei fin, var og respektfull stund. Heimevernet stilte med tre soldatar som delte på oppgåvene som flaggborg og kranseberar.

Klokka tolv hadde Bjørnevik, Sæle og heimevernssoldatane forflytta seg til rådhuset, der det vart ny markering. Den mest merkbare endringa frå Husnes var at det var 3. og 4. trinnet ved Malmanger skule som stod for songinnslaget, etter talane til Bjørnevik og Sæle.

Etter at kaptein Sæle hadde lagt ned kransen ved bautaen, song skuleelvar og andre frammøtte første verset av «Ja, vi elsker dette landet» som avsluttinga av Frigjerings- og veterandagen utandørs.

Ordføraren inviterte veteranar og HV-soldatar til kaffi og kake i rådhuskantina etterpå, og eit langbord med kring 20 kunne hyggja seg saman ei tid vidare. Der vart det høve til å dela ord og tankar, og med det gje endå meir fortent merksemd til dagen – og ikkje minst til dei som har lagt ned ein innsats for å frigjeringa, for freden og for militær teneste.

Ordførar Vegard Bjørnevik heldt tale både ved Husnes kyrkje og rådhuset i Rosendal.

Ordførar Vegard Bjørnevik heldt tale både ved Husnes kyrkje og rådhuset i Rosendal.

 

Ordførar Vegard Bjørnevik sin tale for dagen

Kjære alle saman, og velkomen til 8. mai-markeringa.

I dag markerer me frigjeringa av Noreg i 1945. Samstundes heidrar me kvinner og menn som har tent landet vårt gjennom mange år. Dette er ein dag for å minnast, for å vere takksame for fridomen vår, for dei som har gjort teneste – og for aldri, aldri å ta fridomen for gitt. Me må heller ikkje gløyme dei som har ofra seg og tent for konge og fedreland.

Kvinnherad har og si eiga krigshistorie. Modige menn og kvinner kjempa her mot okkupantane. I fjor fekk eg delta på eit seminar som tok føre seg deler av denne historia – ei historie eg må innrømme at eg ikkje kjende så godt frå før. Eg fekk høyre om minelegginga utanfor Uskedalen og om kampane som lenge hindra okkupantane i å ta seg sjøvegen inn mot Hardanger. Heftet som er utgitt om dette, ved Lars Børge Sæberg, gir eit sterkt bilete av korleis det var i Kvinnherad, og dramatikken som utspann seg.

Skulekoret ved Husnes barneskule song under seansen ved Husnes kyrkje.

Skulekoret ved Husnes barneskule song under seansen ved Husnes kyrkje.

Samtidig veit me at Kvinnherad òg fall under okkupasjon. Fem lange år utan norske flagg og med innskrenka fridom var realiteten i kommunen vår. Me skal vere stolte av dei som stod opp mot okkupantane. Me skal vere stolte av innsatsen deira og offera dei gjorde. Fridom kjem ikkje av seg sjølv.

I dag heidrar me òg dei som har gjort teneste etter andre verdskrigen. Noreg har teke del i fleire internasjonale operasjonar dei siste tiåra. I dag bidreg me mellom anna med støtte og opplæring av ukrainsk personell, og som ein av dei største økonomiske støttespelarane til Ukraina sin kamp.

Verda rundt oss er uroleg. Ho blir på mange måtar meir brutal, og det kjem tettare på oss – gjennom både sosiale medium og fjernsyn. For to år sidan, på denne dagen, var eg sjølv i Ukraina. Sjølv om me oppheldt oss i ein relativt lite råka del av landet, var det sterkt å møte menneske som har mista alt – som har flykta med det dei kunne bere, og som kanskje aldri får vende heim att.

Vegard Bjørnevik heldt ta to stadar under Frigjerings- og veterandagen.

Vegard Bjørnevik heldt ta to stadar under Frigjerings- og veterandagen.

Eg fekk òg oppleve grensekontrollar der unge menn og kvinner stod væpna og kontrollerte dei som passerte. At unge menneske må væpne seg for å forsvare landet sitt, er noko eg hadde håpa verda skulle sleppe. I staden ser me ei omfattande opprusting, både i Europa og her heime i Noreg.

Dette er ein realitet me må ta inn over oss. Det krev støtte – og her lokalt. Me kan ikkje vere naive og tru at ingen vil oss vondt. Historia burde ha lært oss betre. Nettopp derfor er det så viktig at me feirar fridomen og heidrar dei som har stått i teneste, ved høve som dette.

2026 er det totalberedskaps året. Da har sett sterkare fokus på kommunane si rolle i beredskapen. Eg må seie at eg er imponert over administrasjonen vår og den profesjonaliteten dei viser i dette arbeidet. Beredskap er eit omfattande og viktig saksfelt. Det handlar om øving, oversikt og gode prosedyrar for å møte uønskte hendingar.

3. og 4. trinn ved Malmanger skule song under markeringa i Rosendal.

3. og 4. trinn ved Malmanger skule song under markeringa i Rosendal.

Kommunen skal gjere sitt, men det er òg avgjerande at lokalsamfunnet er beviste om beredskap og er rusta til å ta gode val for seg og sine.

Som land har me eit ansvar for å tilpasse oss det nye geopolitiske alvoret. Slik eg ser det, må Noreg arbeide meir med opplysing og auke forståinga for dette i befolkninga.

Samarbeid er nøkkelen. Eg er glad for at me i Kvinnherad har ein god dialog med både politi og forsvar. Eg vil særleg takke vårt lokale heimevern. Tor Vidar og soldatane hans er med på å gjere Kvinnherad tryggare. Eg har sjølv hatt gleda av å møte dei under fleire øvingar i fjella våre – det har vore både lærerikt og inspirerande.

Heimevernsoldatane Espen Lillesand og Alf Helge Hermannsen sytte for flaggborg under markeringa.

Heimevernsoldatane Espen Lillesand og Alf Helge Hermannsen sytte for flaggborg under markeringa.

Me skal vise anerkjenning for den innsatsen dei legg ned for tryggleiken til oss alle. Dette er noko me som kommune, i fellesskap, skal vere takksame for. Når ulike erfaringar, perspektiv og roller møtest, byggjer me både eit sterkare lokalsamfunn – og eit sterkare totalforsvar.

Det er me som samfunn som har ansvaret for å byggje opp om demokratiet, stå opp for fridomen vår og ta vare på tryggleiken.

Tusen takk til alle som bidreg.
Takk til veteranane – og takk til alle som har ofra livet for konge og fedreland.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay