Skorpefjellet byr på nydeleg utsikt til Uskedalen, ei utsikt som tilsette og elevar ved skulen - ja, endå studentar frå USA - fekk nyta på torsdag. (Foto: Odd Steinar Arnesen)

Skorpefjellet byr på nydeleg utsikt til Uskedalen, ei utsikt som tilsette og elevar ved skulen - ja, endå studentar frå USA - fekk nyta på torsdag. (Foto: Odd Steinar Arnesen)

Uskedal skule på Skorpefjellet

Torsdag var heile Uskedalen skule på tur til Skropefjellet. I tillegg til elevar og tilsette frå skulen, hadde vi med oss 4 amerikanske lærarstudentar som er i Kvinnherad akkurat no.

– Sidan vêrgudane er på vår side for tida, så fann vi ut at vi måtta nytta sjansen til ein felles turdag for heile skulen. I dag gjekk difor turen til Skorpefjellet. Eit lite fjell som vi ser kvar einaste dag, men som mange av våre elevar (og tilsette) aldri har vore til, fortel rektor Odd Steinar Arnesen.

Foreldre og besteforeldre stilte opp med båtar slik at ein fekk frakta alle over og tilbake med eit par ekstra turar.

– Vi gjekk vegen/stien frå vågen og opp gjennom «Tunet i det blå». Når alle var vel framme vart det leik, og avslapping på toppen. Nokre av oss tok turen litt lengre ut på Skorpo og kikka på jettegrytene.

Det blei også høve til å studera jettegrytene på Skorpo undervegs på turen. (Foto: Odd Steinar Arnesen)

Det blei også høve til å studera jettegrytene på Skorpo undervegs på turen. (Foto: Odd Steinar Arnesen)

I tillegg til at vi var alle på tur, så hadde vi invitert med oss alle dei amerikanske studentane som for tida er i praksis i kommunen vår. Dei fekk høyra historier om «Skeivhodno», livet på garden, myten om det botnlause Skorpevatnet og anna. Sjølv om det var litt tungt både opp og ned, så var alle einige om at turen hadde vore heilt amazing, held Arnesen fram.

– Tusen takk til Knut Olav, Torgeir, Birger og Kristian som tok seg tid til å frakta oss både fram og tilbake! sluttar Uskedalsrektoren.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay