I januar fekk butikksjefane på Husnes Storsenter høyra om demensvenleg samfunn. Dei neste tysdagane blir andre butikktilsette invitert til å få den same informasjonen på høvesvis Husnes og i Rosendal.
Inviterer til informasjon om Demensvenleg samfunn
Arbeidsgruppe for Demensvenleg samfunn Kvinnherad inviterer butikktilsette og serveringsstadar til informasjonsmøte om temaet demensvenleg samfunn.
Tilsette ved butikkar er blant dei som møter personar med demenssjukdom der sjukdommen er på eit stadium der ein framleis bur heime.
I lys av dette blir det invitert til informasjonsmøte om kva som kan vera med på å gjera butikkane til ein demensvenleg stad, og i det store bildet gjera Kvinnherad til eit meir demensvenleg samfunn å leva i.
Dette kurset/føredraget er meint å kunna gje tips om korleis ein kan møta den demenssjuke på ein måte som gjer det råd for dei å utføra vanlege kvardagsaktivitetar, som til dømes å handla.
Dei to informasjonsrundane i denne omgangen blir høvesvis
Tysdag 28. april kl. 1915 i Kvinnherad bibliotek og
Tysdag 5. mai kl. 1700 i Dinosaurhuset i Steinparken.
Det er Nasjonalforeningen for folkehelse som har utarbeidd kurset som leiar i Hukommelsesteamet Evelyn Mehl Willumsen m/fleire vil halda. Det blir ein powerpointpresentasjon og litt videovising, og tar kring timen å koma gjennom.
Nasjonalforeningen skriv dette om kurset:
Mål for kurset
Et overordnet mål med kurset er at flere skal forstå at demens er en sykdom som rammer hjernen, men at vi med enkel tilrettelegging kan gjøre det lettere for dem som rammes å utføre vanlige hverdagsaktiviteter.
I kurset opplyses det om symptomer og kjennetegn på demens, men rådene som omhandler god service kan også gagne mange andre som har utfordringer med hukommelse og orienteringsevne. Nasjonalforeningen for folkehelsen ønsker med kampanjen å rette fokus på demens hos grupper som daglig er i kontakt med mange mennesker. Demens er en sykdom som kan ramme alle, og de fleste kursdeltagerne har kanskje selv hatt situasjoner der de har møtt personer med en demenssykdom.
Ved å få fram folks egne erfaringer på slutten av undervisningen, håper vi å skape en åpenhet om sykdommen, og en forståelse for at dette er noe som angår oss alle. Som en konsekvens av undervisningen håper vi også det kan bli lettere å snakke om temaet med familie, venner og kolleger.
Det blir noko å bita i og drikka på under seansen.
Me vonar dette kan vera noko som butikktilsette kan finna verd å få med seg. I så fall er me takksame med ei lita tilbakemelding på kor mange som tar turen frå dykk i løpet av måndag 4. mai, gjerne til e-post haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no eller på sms til 90785457.
Sist oppdatert
