Rosendal helsesenter endrar på telefonrutinane sine frå 1. mai av.

Rosendal helsesenter endrar på telefonrutinane sine frå 1. mai av.

Endring av telefonbruk ved Rosendal helsesenter frå 1. mai 2026

Rosendal helsesenter har hatt telefontid for fastlegane kvar morgon frå kl.08.00 til 08.30. Denne ordninga blir no avvikla.

Det har vore stor pågang på telefonen og vanskeleg å koma gjennom både til helsesenteret og enkelte leger i denne tida.

– Det er ikkje mange som kjem gjennom til sin fastlege. Vi vil no bruka tida til fastlegane betre. Du kan sjølvsagt framleis ringa helsesenteret å få hjelp med det du lurer på. Alle førespurnader vil framleis bli handtert og svart på av våre dyktige sjukepleiarar, opplyser Rosendal helsesenter.

Bruker du Helsenorge Lenke til et annet nettsted. så kan du:

1: senda e-konsultasjon og reseptførespurnad til legen din, eller

2: senda e-melding og timeførespurnad til resepsjonen på helsesenteret.

– Hugs at du ikkje skal vera høfleg når du sender e-melding til lege. Altså så ber vi om at du ikkje sender ei eiga melding med berre «takk for hjelpa» når du har fått svar frå legen. Husk òg at e-konsultasjon ikkje er ei chatteteneste. Om eit spørsmål leier til eit nytt, så er det på tide å bestilla seg ein time, sluttar Rosendal helsesenter.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay