Vil vita korleis kvinnheringane (og vestlendingane) har det

4265 kvinnheringar har blitt inviterte til å svara på Folkehelseundersøkinga 2026, med mål om få svar på korleis har vestlendingane det.

Torsdag 16. april blei over 222.000 vestlendingar inviterte til å delta i folkehelseundersøkinga.

Målet med undersøkinga er meir kunnskap om helse og livskvalitet blant vaksne i Vestland. Undersøkinga blir gjennomført av Vestland fylkeskommune i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) og kommunane i fylket.

– No håpar me så mange som mogleg tek seg tid til å svare. Fylkeskommunen og kommunane treng å høyra korleis innbyggjarane i Vestland har det for å gjera fylket til ein endå betre stad å bu og leva, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland, i ei pressemelding i samband med undersøkinga.

Dei som skal svara, får invitasjon

Årets folkehelseundersøking blir i år for første gong gjennomført på Helsenorge. Det betyr at dei 222.054 innbyggjarane som er trekte ut til å delta, har fått invitasjon frå FHI på den måten dei har valt å få varsel på i Helsenorge, til dømes SMS, e-post eller begge. Det betyr også at det ikkje er noko lenke til undersøkinga i invitasjonen. For å svara på undersøkinga, må dei inviterte logga seg inn i Helsenorge med BanklD.

– Dersom nokon opplever å få invitasjon med lenke, kan dette vere svindel. Generelt er det ein god regel å aldri trykke på lenker du får tilsendt på SMS eller e-post, gå heller inn på dei offisielle nettsidene. I dette tilfellet vil det vere Helsenorge, opplyser Mie Dahl Pind, som er prosjektleiar for folkehelseundersøkinga i Vestland fylkeskommune.

Det tek om lag 20-25 minutt å svara, og det er enkelt og trygt å delta. Svara blir behandla i tråd med gjeldande personvernreglar, slik at ingen kan kjennast att i resultata som blir publiserte.

I undersøkinga er det spørsmål om helse og nærmiljø og livskvalitet, og andre forhold som er viktige for folkehelsa i fylket. Resultata vil bli brukte i folkehelsearbeidet i kommunane og i fylkeskommunen.

Folkehelseundersøkinga skal også kartleggja i kva grad vestlendingane synest det er viktig med eigenberedskap, og om dei trur klimaendringar kjem til å påverke framtida negativt. Folkehelseundersøkinga i 2022 viste at 12 prosent av dei som svarte i Vestland, rapporterte låg grad av framtidsoptimisme.

19,2 prosent hadde økonomiske vanskar i 2022

Det er altså fire år sidan førre folkehelseundersøking i fylket. Då svarte 19,2 prosent at dei hadde økonomiske vanskar og syntest det var vanskeleg å få hushaldsinntekta til å strekke til i det daglege. Telemark gjennomførte tilsvarande folkehelseundersøking i fjor haust og fann stor auke her.

– Me er spente på korleis Vestland ligg an. Med den auken vi har sett i mat- og energiprisar den siste tida, ventar me ein auke også her i fylket. Svara i undersøkinga vil gje oss viktig kunnskap. Det er også viktig å få innsikt i moglege skilnadar mellom dei ulike delane av fylket, slik at me kan jobba for trygge, attraktive og livskraftige lokalsamfunn i heile Vestland, sluttar fylkesordførar Jon Askeland i pressemeldinga.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay