Denne gjengen - under leiing av områdesjef Tor Vidar Sæle - er i full gang med årets øving, og dei fekk torsdag besøk av ordføraren på Midthølen Skytebane.

Denne gjengen - under leiing av områdesjef Tor Vidar Sæle - er i full gang med årets øving, og dei fekk torsdag besøk av ordføraren på Midthølen Skytebane.

Heimevernsøving i Kvinnherad

Indre Hardanger og Kvinnherad Heimevernsområde 09211 skal gjennomføra lokal områdetrening i perioden 14.april – 20. april 2026.

I dette tidsrommet vil det bli ein del militær aktivitet på og langs vegaksane i Kvinnherad, samt Ullensvang, Eidfjord og Etne, opplyser områdesjef kaptein Tor Vidar Sæle i brev til dei involverte kommunane.

I Kvinnherad vil treninga/øvinga vil føregå i området Dimmelsvik – Matre – Midthølen – Fjellhaugen – Blåfall III – Grøningen,

– Skytetrening i Kvinnherad vil bli gjennomført på Midthølen skytesenter og Grøningen inn mot Storbjørnlia. Skilt med varsel om skyting/øving vil bli sett opp. På kvelds- og nattetid etter mørkets frambrot kan det bli skote opp varsel- og lysrakett i øvingsområdet, varslar kaptein Sæle.

Spørsmål som gjeld øvinga kan rettast til områdesjef kaptein Tor Vidar Sæle på telefon 920 45 548.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay