Dette skjer når arbeidet med kollektivknutepunktet på Husnes startar

Skissa viser kor det blir gjort arbeid med kollektivknutepunktet fram mot sommaren 2026. (Illustrasjon: Asplan Viak)
Br. Musland Maskin har oppdraget med å laga nytt kollektivknutepunktet på Husnes. I løpet av april kjem det visa att i området langs Sentrumsvegen.
Fram mot sommaren er det fire stader at publikum kan koma til å merka at det skjer ting på.
Grusplassen mellom Husnes Storsenter og Coop Extra
I slutten av april kjem ein til å etablera ei ny innkøyring til grusplassen i frå søraust og heva terrenget langs Lonavegen og Heiamyro for å retta ut vegen noko, samt etablera kryss der Sentrumsvegen, Lonavegen og Heiamyro møtest (markert som 1.2, 2.2, 5.5 og 5.6 i kartskissa). Området som blir heva vil bli inngjerda med anleggsgjerde. Delar av grusplassen blir då stengt av.
Dette arbeidet vil pågå fram mot juni, og vil i somme periodar krevja litt tolmod av trafikantane på veg forbi den nye vegen.
Skogfjerning mellom Sentrumsvegen og Kolavegen
Det blir sett opp anleggsgjerde langs Sentrumsvegen og eit stykke inn mot bustadane i den nordaustlege delen av Kolavegen (markert som 1.1 i kartskissa). I første omgang startar ein med å fjerna skog og vegetasjon i dette området, før ein går i gang med grunnarbeidet.

Slik blir kollektivknutepunktet sjåande ut, sett frå taket over Kiwi/Power. Det store grasfeltet til høgre i biletet vil vera Aksen.
Dette arbeidet går ein i gang med relativt snart, men ein må vera budd på at anleggsgjerda blir ståande lenge. Gangstien mellom Kolavegen og Sentrumsvegen i området vil ikkje bli mogleg å nytta.
Etablering av rundkøyring
Kollektivtransporten vil leggjast om og det skal etablerast ei rundkøyring som bussen kan snu i, samt flytting av eit busstopp (Vist i grått og med busstoppskilt). Busstoppa vil då vera på begge sider av vegen, men oppe ved Aksen – ikkje ved parkeringsplassen Dette arbeidet skal vera klart før oppstart overvassleidninga.
Ein finn detaljane for korleis det blir løyst for dei reisande på skyss.no.
Overvassleidning ned til Opsangervatnet
Det skal leggjast ny overvassleidning i eksisterande trasé i Sentrumsvegen (markert som 5.1 i skissa) og ned til Opsangervatnet. Oppstart for dette arbeidet blir i midte/slutten av mai.
Kryssing av Opsangervegen vil føra til innsnevring av vegtrasé under kryssing.
Sentrumsvegen vil vera stengt der arbeidet pågår. Det blir ikkje moglegheit for gjennomkøyring, men avkøyrsel til Husnes Hotell, Elkjøp, Fargerike Husnes og Pizzabakeren vil vera mogleg å koma til enten frå Opsangervegen eller via Sentrumsvegen i perioden med stenging. Det same gjeld for tilkomst til «Gamle senteret».
Sist oppdatert
