
Festivalpassa vart trekte av den strenge, men rettvise trioen Vigdis Kvame (t.v.), Mette Sandvik (t.h.) og Randi Vevik (fotograf).
Festivalpass til Klara og Ivette
Årets ferievikarar innan helse og omsorg har vore med i trekninga av festivalpass. No er vinnarane klare.
– Vi har trekt festivalpass frå søkjarlista til ferievikarar. Vinnar av festivalpass til Festidalen er Klara B. Enes Mehl, og festivalpass til Skånevik Bluesfestival er Ivette Kaneza. Gratulerer så mykje til begge to, melder Randi Vevik.
Ho var med på å syta for at trekninga gjekk føre seg på forskriftsmessig og kvalitetssikra vis, saman med Vigdis Kvame og Mette Sandvik.
Sist oppdatert
