Der det let seg gjera, vil heimetenesta ta med seg middagsmedisinar som kan leggjast igjen hos brukarane ved morgonbesøk.

Der det let seg gjera, vil heimetenesta ta med seg middagsmedisinar som kan leggjast igjen hos brukarane ved morgonbesøk.

Varslar endringar i besøk frå heimetenesta grunna «Dave»

Vêret pressar fram endringar i planlagde besøk frå heimetenesta 1. påskedag.

På grunn av det varsla uvêret søndag 5.4.2026 vil heimetenesta i Kvinnherad kommune gjera nokre endringar i planlagde besøk i perioden der det er venta mest vind, det vil seia midt på dagen.

Der det let seg gjera, vil dei ta med seg middagsmedisinar som kan leggjast igjen hos brukarane ved morgonbesøk. Heimetenesta vil òg førebu litt ekstra brødmat til dei som elles skulle hatt hjelp til middag i den mest utsette perioden, og desse vil i staden få varm middag om kvelden.

Reine tilsyn vil, der det er mogleg, bli gjort om til ringetilsyn. Heimetenesta ber om forståing for at tenestenivået må reduserast til eit minimum i delar av dagen, men dette er nødvendig av omsyn til tryggleiken til dei tilsette.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay