SKL får lov til å avgrensa tilkome på vegar innover Blåfalli-vassdraget

NVE har gitt Sunnhordland kraftlag løyve til mellombels avgrensing i tilkome på vegar for Blåfalli-vassdraget i Kvinnherad.

SKL har søkt til NVE om å få løyve til å avgrensa ålmenta sin frie tilgang til Sunnhordland Kraftlag sine vegar i Blåfalli-vassdraget.

– Sunnhordland Kraftlag AS får i inntil fem år i perioden 26.03.2026 til 26.03.2031 avgrensa tilkomsten. Vedtaket er gitt med heimel i konsesjonsvilkår for bygging av Blåvalli Fjellhaugen kraftverk, skriv NVE i sitt vedtak.

Når avgrensingane blir innførte, er førebels ikkje datofesta.

NVE stiller mellom anna vilkår om at SKL skal kontakta råka partar for å informere dei om tiltaket, og SKL skal tilpassa ålmenta si avgrensing til dei faktiske behova, slik at vegen i størst mogeleg grad er open og tilgjengeleg.

Nødetatar, grunneigarar og mellom anna beitenæring, skisenter og turlag skal generelt ha tilgang til vegen.

– Vegstrekninga frå fylkesveg 5024 til Fjellhaugen skisenter skal haldast open som normalt i heile anleggsperioden. Restriksjonar kan innførast for kortare tidsrom (maksimalt inntil 1 dag) i tett dialog med råka partar. Dette må varslast i god tid og informasjon må vera lett tilgjengeleg, skriv NVE.

Det kan også etablerast høgdeavgrensing for køyretøy på anleggsvegen vidare innover i vassdraget for å avgrensa trafikk med køyretøy som utgjer ein trafikktryggleiksrisiko.

Heile løyvet, med framgangsmåte for ein eventuell klage, finn du her pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu..

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay