Det nærmar seg påske og påskeferie. Kvinnherad kommune vil oppmoda alle som bruker medisin om å fornya reseptane sine og fylla på med sine naudsynte medisinar i god tid før høgtida!

Det nærmar seg påske og påskeferie. Kvinnherad kommune vil oppmoda alle som bruker medisin om å fornya reseptane sine og fylla på med sine naudsynte medisinar i god tid før høgtida!

Legevakt og medisinar i påsken

Fleire heilagdagar etter kvarandre, der fastlegekontora held stengt, gjer at legevakta får ekstra travle dagar. Legevakta minner deg om å fornya reseptar hos fastlegen i god tid før påske.

Kommuneoverlege Glenn A. Opland kjem med fleire gode råd like før påskeferien. I tillegg til rådet om reseptfornying i god tid, rår han også til å ringja før du møter opp slik at legevakta kan avklara kva slags oppfølging du treng.

Råd frå kommuneoverlegen

  • Sørg for å ha smertestillande og febernedsettande medisinar som Paracet og Ibux heime eller med på reise.
    • Ha gjerne nasespray, termometer og plaster/strips lett tilgjengeleg.
    • No er det sesong for mange luftvegsinfeksjonar. Det har òg vore mykje omgangssjuke med oppkast og diaré i det siste. God handhygiene er difor svært viktig.
    • Hugs allergimedisin dersom du har pollenallergi. Hassel er tidleg ute, og med påskesol og varmt vêr kan spreiinga auke, sjølv om det er lite som tyder på det akkurat no.
    • Hugs solkrem og gnagsårplaster dersom du planlegg å vera mykje ute og i aktivitet.
    • For barnefamiliar er det viktig å følgja med på allmenntilstanden til barna, til dømes kontaktevne, leikelyst, væskeinntak, bleieskift, hudfarge, pustemønster og kor vakne dei er.
    Ved feber hos spedbarn under tre månader skal du alltid kontakta lege med ein gong.

Når du ringer legevakta, prøv å ha dette klart:

  • Fullt namn
    • Fødselsdato og personnummer
    • Kva faste medisinar du brukar og eventuelle sjukdommar
    • Mål gjerne kroppstemperaturen dersom du trur du har feber

Når du kjem til legevakta

  • Meld deg i ekspedisjonen når du kjem, uavhengig av om du har ringt på førehand.
    • Alle pasientar blir vurderte etter hastegrad. Det kan føra til at du må venta, og at tida di blir endra når du kjem. Lege på vakt kan òg bli kalla ut til akutte hendingar, og pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp kan kome med ambulanse.
    • Me ber om at pasientar ikkje tek med fleire enn dei som er heilt nødvendige. Hovudregelen er at barn og pasientar som treng hjelp, kan ha med éin. Dette er viktig for ventetilhøva og av omsyn til smittevern.

I desse tilfella skal du alltid kontakte fastlegen først:

  • Behov for sjukmelding eller forlenging av sjukmelding
    • Fornying av reseptar
    • Behov for legeattest
    • Kroniske tilstandar utan akutt forverring

Dersom du er uroa for eigen eller andre sin helsetilstand, og det ikkje kan vente til fastlegen opnar, kan du ringja legevakta på telefon 116 117.

Ved akutt fare for liv og helse skal du ringje 113.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay