%20Fr%C3%B8ya%20Tord%20Arddo%20kopi.jpg)
Frøya Sverresdotter Hatteberg, Tord Sverreson Hatteberg og Ammro Kordo representerte Kvinnherad ungdomsråd under Fylkesting for ungdommen i helga. (Foto: Privat)
Bidrog på fylkestinget for ungdom
I helga deltok ungdomsrådet på fylkesting for ungdom (FFU).
FFU er ei samling av alle ungdomsråda i Vestland Fylkeskommune, kor kvar kommune får moglegheita til å stille med to delegat. Frøya Sverresdotter Hatteberg og Ammro Kordo representerte ungdomsrådet, medan Tord Sverreson Hatteberg representerte Vestland Ungdomsutval (VU).
– Det vart diskutert sakar som er aktuelle og viktige for ungdom frå forskjellige kommunar i Vestland. Programmet for helga inkluderte mellom anna samtalar og samarbeid med representantane frå andre ungdomsråd, innlegg frå fylkesvaraordførar og fylkesdirektør, debatt, sosiale aktivitetar og konstituering av nytt VU, fortel leiar i ungdomsrådet i Kvinnherad Frøya Sverresdotter Hatteberg.
Ho vart valt til 2.årig medlem av VU. Det vart jobba mykje med planprogrammet til VU, som er sakene VU skal fremja i den perioden.
– Ungdomsrådet ser fram til å knyta erfaringane dei har fått i helga vidare inn arbeidet dei gjer lokalt i kommunen, legg Frøya Sverresdotter Hatteberg til.

Frøya Sverresdotter Hatteberg (nr. 4 f.h) er valt inn i Vestland Ungdomsutval for to år. (Foto: Privat)
Sist oppdatert
