
Ho har vore konstituert i stillinga sidan starten av skuleåret. No har Iselinn Røen Gilje fått stillinga på fast basis.(Foto: Privat)
Iselinn Røen Gilje er ny rektor ved Halsnøy skule
Ny og ny, ho har vore konstituert i stillinga sidan starten av skuleåret. No har Iselinn Røen Gilje fått stillinga på fast basis.
– Eg ser fram til å halda fram som rektor ved Halsnøy skule og til å utvikla skulen vidare saman med elevane og det dyktige personalet, seier 37-åringen til Kvinnherad kommune.
Ho kjem frå Halsnøy, og seier det betyr mykje for ho å få arbeida i lokalsamfunnet der Røen Gilje sjølv kjem frå.
– For meg er det viktig at alle elevar opplever å høyra til. Eg er oppteken av inkludering og av å arbeida for eit trygt og godt skulemiljø, der elevane blir møtt med varme, respekt og gode relasjonar. Skulen skal vere ein stad der barn opplever meistring, trivsel og utvikling – både fagleg og sosialt, understrekar den nye rektoren.
– Eg ser fram til vidare samarbeid med dei tilsette ved skulen, føresette og laget rundt elevane i arbeidet for ein trygg og god skulekvardag, legg Iselinn Røen Gilje til avslutningsvis.
Sist oppdatert
