Tysdag 10. mars vart barnehagedagen feira fleire plassar i Kvinnherad, inkludert i Bringedalsbygda barnehage, som har sett saman ein film av glimt frå kvardagen i barnehagen. (Skjermdump frå filmen)

Tysdag 10. mars vart barnehagedagen feira fleire plassar i Kvinnherad, inkludert i Bringedalsbygda barnehage, som har sett saman ein film av glimt frå kvardagen i barnehagen. (Skjermdump frå filmen)

Barnehagedagen feira i Bringedalsbygda – og elles i kommunen

Visste du at det er over 200 tilsette i barnehagane i Kvinnherad? I dag, 10. mars, er det Barnehagedagen, og han har blitt feira fleire stader i Kvinnherad.

Visste du at det er over 200 tilsette i barnehagane i Kvinnherad? I dag, 10. mars, er det Barnehagedagen, og han har blitt feira fleire stader i Kvinnherad.

I samband med Barnehagedagen 10. mars har Bringedalsbygda barnehage sett saman ein kjekk film.

– Barnehagen er ein stad der alle skal føla seg velkommen og verdsett, påpeikar pedagogisk leiar i Bringedalsbygda barnehage Heidi N. Uppheim i samband med filmen.

Barnehagedagen blir markert i mange barnehagar i Kvinnherad i dag. Det er eit godt høve til å stoppa opp og skjenka ein tanke til alle tilsette i barnehagane kringom i Kvinnherad som gir barna gode stunder og minner for livet, samstundes som dei er med på å olja maskineriet til småbarnsfamiliane i vår fagre kommune.

– På barnehagedagen vil me feira både barn, foreldre og dei flotte tilsette. Barna som fyller dagane med undring og glede, foreldra som gir oss tillit og samarbeid, og tilsette som skaper tryggleik, leik og utvikling kvar einaste dag, kommenterer rådgjevar for barnehage Signy Aarre Prestnes i samband med dagen.

I Kvinnherad er over 200 tilsette i barnehagane. Det blir ytt 117,3 årsverk i dei kommunale barnehagane og 81,9 årsverk i dei private.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay