
Bli med på sosial inspirasjonssamling 21. mars
Vi vil med dette ønskja alle som er tilknytt landbruket i Kvinnherad til ein inspirerande ettermiddag/kveld 21. mars.
Ein landbrukseigedom er ein stor ressurs som kan nyttast på ulike måtar. Både eigedomane og eigarane av landbrukseigedomar er ulike, så denne ettermiddagen har vi invitert ulike produsentar til å fortelja om sine produksjonar.
I tillegg til inspirerande innlegg har vi tenkt at denne ettermiddagen og middagen om kvelden skal vera eit fint høve for de som jobbar i jordbruk og skogbruk i Kvinnherad å få møtast, bli kjent, utveksla idéar og planar framover.
Vi håpar på stort oppmøte frå bønder og skogeigarar i heile kommunen!
Vi startar kl. 15 på Rådhuset og har ei sosial og kjekk økt der før vi bevegar oss til Rosendal Fjordhotel, der Jon Aga har førebudd ein god 3-rettars middag til oss med så mykje lokal mat han har fått tak i.
Altså: Velkommen til alle i landbruket!
Meld deg på innan 18. mars og betal eigenandel på kr. 100,- her: https://checkout.ebillett.no/148/events/5602/purchase/setup Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Vi på landbrukskontoret ser fram til å møta dykk!
Sist oppdatert
