I mars startar arbeidet med å skifta ut låssylindrar i kommunale nøkkelboksar. Dei nye låsesylindrane er elektroniske, gjev  betre tryggleik og stettar kvalitetskrav.

I mars startar arbeidet med å skifta ut låssylindrar i kommunale nøkkelboksar. Dei nye låsesylindrane er elektroniske, gjev betre tryggleik og stettar kvalitetskrav.

Skifte av låsesylindrar i kommunale nøkkelboksar

Kvinnherad kommune vil i løpet av dei komande månadane skifta ut låsesylindrar i dei kommunale nøkkelboksane.

Arbeidet startar i mars. Dei nye låsesylindrane er elektroniske, gjev betre tryggleik og stettar kvalitetskrav. Innbyggjarar med tryggleiksalarm, heimetenester eller som av andre årsaker har nøkkelboks frå kommunen på sin bustad vil difor sjå at denne vert ny.

Nøkkelboksane vil stort sett vera like, med unntak av eldre boksar som vert skifta ut med nye. Arbeidet skjer utan at du treng vera heime eller på anna måte vert kontakta. Du som innbyggjar treng ikkje føreta deg noko i denne samanheng. Nøkkelen til din bustad vil framleis vera i boksen etter skiftet, og dei som skal ha tilgang til denne vil framleis ha det.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay