Dagleg leiar i Br. Musland Maskin AS Roar Musland (t.v.), ordførar Vegard Bjørnevik og kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen formaliserte onsdag avtalen om bygging av kollektivknutepunkt på Husnes.

Dagleg leiar i Br. Musland Maskin AS Roar Musland (t.v.), ordførar Vegard Bjørnevik og kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen formaliserte onsdag avtalen om bygging av kollektivknutepunkt på Husnes.

Signerte kontrakten på kollektivknutepunktet

I april 2027 skal det nye kollektivknutepunktet på Husnes stå ferdig. Onsdag formaliserte Kvinnherad kommune og Br. Musland Maskin AS avtalen om bygginga.

– Dette er ein gledas dag, slo ordførar Vegard Bjørnevik fast før kontrakten på å byggja kollektivknutepunktet vart signert.

Han gratulerte tilbydar Br. Musland Maskin med oppdraget.

– Det er alltid kjekt når lokale firma som vinn oppdraga. Det er godt å sjå at me har gode bedrifter som er konkurransedyktige og kan ta store og viktige jobbar i kommunen vår, sa han.

Førre torsdag vedtok kommunestyret finansieringsramma for kollektivknutepunktet. Den totale kostnaden med meirverdiavgift blir 50,5 millionar kroner, der låneopptak utgjer 26,4 millionar kroner. Delen av dette som ikkje har vore på plass i økonomiplanen frå før er på 13,68 millionar.

Støyveggen i 300 meter lengde vart tema under signeringsseansen.

– Snitthøgd blir tre meter, men det vil variera. Støyskjerminga blir i naturstein nedst og tre oppå. Det blir laga og tilrettelagt av landskapsarkitekt, og vert gjort etter ønske frå naboane må gje frå seg tomt til bygginga, oppklarte kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen.

Vegard Bjørnevik (t.v.) Roar Musland og Leif Ove Mikkelsen ser fram til oppgraderinga som startar etter påske. Kollektivknutepunktet står etter planen klart i april 2027.

Vegard Bjørnevik (t.v.) Roar Musland og Leif Ove Mikkelsen ser fram til oppgraderinga som startar etter påske. Kollektivknutepunktet står etter planen klart i april 2027.

Det er Skyss som har meldt inn behov for kapasitet for bussane. Det ligg også trafikksikring i dette, sidan bussane vil koma inn til same område, og ein ikkje vil måtta kryssa vegen for å koma til bussane.

Samstundes som ein lagar kollektivknutepunktet kjem ein også til å gjera oppgraderingar på vatn og avløp, og ein er med på å gjera vareleveringa til Husnes Storsenter skikkeleg og sikker.

– Me får vesentleg meir kommunal parkeringsplass no, noko som er sårt etterlengta for det er mykje kommunal tenesteyting i dette området. Som sagt, dette er ein gledas dag! la ordføraren til.

Dagleg leiar Roar Musland i Br. Musland Maskin AS var omtrent like nøgd som ordføraren.

– For vår del er denne kontrakten veldig viktig. Han sikrar oss fin ordrereserve framover, og passar fint inn i porteføljen vår. Anleggstida er på eitt år, og det er planlagt oppstart rett etter påske, fortalte Musland.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay