Tysdag sette helse og omsorgssektoren seg i stemne med 35 potensielt nye medarbeidarar under speed date i Festsaleni Kulturhuset Husnes.

Tysdag sette helse og omsorgssektoren seg i stemne med 35 potensielt nye medarbeidarar under speed date i Festsaleni Kulturhuset Husnes.

Inviterte på helse-speed date – fekk stor respons

Tysdag samarbeidde Kvinnherad kommune, Nav og fylkeskommunen om å setja ein helse- og omsorgssektor med behov for fleire tilsette i stemne med ungdom og vaksne som kan tenkja seg å arbeida innan nemnde sektor.

Kvinnherad kommune stilte med 12-15 tilsette og Nav hadde mønstra kring ti. I tillegg stilte Menn i helse Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune med eigne standar.

Frå Kvinnherad kommune var det potensielle arbeidsgjevarar som presenterte seg og sine oppgåver; Rosendalstunet, Husnestunet, Halsnøytunet, heimetenestene og bu og habiliteting. Felles for alle er at dei treng fleire tilsette i alle kategoriar dei har i arbeid.

Tredje gongen

Dette var tredje gongen Nav og Kvinnherad kommune la til rette for det dei kallar «speed date» mellom bedrifter og potensielle arbeidstakarar i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Tysdag stilte 35 kvinner og menn i fin aldersspreiing til snøggmøte, og både arbeidssøkjar og -gjevar hadde to minutt på deling til å finna ut av kvarandre.

Blant dei frammøtte var både innvandrarar med behov for arbeidstrening, uføre med restarbeidsevne til å bruka, turnusarbeidarar med ekstrakapasitet i friperiodar og andre.

– Med blant anna så mange ukrainske flyktningar her, har de vurdert å ha med tolk?

– Nei, for den arbeidssøkjande må kunna gjera seg forståtte med dei som dei skal jobba med og for, svarer Nav Kvinnherad-leiar Maria Sadowska.

Det er absolutt behov for fleire hender innan helsesektoren. Til dømes treng Bu og habilitering langt fleire sommarvikarar enn dei har fått søkjarar til så langt.

– Me treng mange, slår kommunalsjef for helse og omsorg Åslaug Brende fast.

Ho gledde seg over at så mange kjekke menneske hadde tatt turen.

Kan leggja til rette

Næringssjef Grete Solheim er blant tilretteleggjarane for speed date-konseptet. Ho fortel om ein effektiv rigg for gjennomføring av dagen, med få møte i forkant av sjølve dagen.

Nav satsar også mykje på dagar som denne.

Anlaug Rygg Svensen, Inkluderingsrådgjevar for Nav i Sunnhordland, har som jobb å byggja bru mellom Nav og næringslivet.

– Som Nav kan me gjera veldig mykje for å leggja til rette for dei som søkjer arbeid, påpeikar ho og siktar til dei som kanskje treng noko tilpassing for å ta overgangen inn i arbeidslivet.

Nav Kvinnherad-leiar Maria Sadowska smilte på tampen av seansen.

– Eg er nøgd! Partnarskapet mellom stat og kommune fungerer, slår ho fast.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay