
Varsom.no varslar om stor snøskredfare i Hardanger, der store delar av Kvinnherad er inkludert. (Skjermdump varsom.no)
Snøskredvarsel for region Hardanger tysdag
– Vindauken frå sør utover kvelden vil auka skredfaren ytterlegare og det er venta nokre naturleg utløyste store skred i lesider mot vest nord og aust når vinden tar seg opp, melder varsom.no tysdag.
Mykje nysnø siste dagar har gitt auka belastning på vedvarande svakt lag av kantkorn og det vil vera svært lett å løysa ut skred på dette for skiløparar frå morgonen av. Enkelte av skreda kan også bli store, varslar nettstaden som er eit samarbeid mellom Norges vassdrag og energidirektorat.
Temperaturauke og mogelegheiter for sol vil føra til våte laussnøskred i solsider og under mildvêrsgrensa.
For meir informasjon, sjå Hardanger - Snøskredvarsel | Varsom.no. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
