%20(2)%20IMG_3411.jpeg)
Det blir Opne Hus på torsdagar framover, og Lene Vangberg Monsen og Bente Nilsen er klare til å ta i mot.
Med hjarte for alle i Kvinnherad – Opne hus våren 2026
– Det har vore så kjekt med opne hus og vi gler oss veldig til å starte opp att! seier Bente Nilsen og Lene Vangberg Monsen.
Kvinnherad kommune fekk i 2025 750.000 kroner av Helsedirektoratet i arbeidet for å motverke einsemd og passivitet.
Året 2025 vart ein suksess og gjekk over all forventning, med mange påmeldte som vart med på opne hus-arrangementa kvar veke.
– Vi trur at SMS-ordninga, brosjyrar, påmeldingstelefonen, gratis arrangement og transport fekk fleire til å bli med, og tilbakemeldingane har vore veldig positive! Nesten 200 personar har meldt seg på SMS-ordninga, der ein får jamleg informasjon om Opne hus – arrangementa, seier Nilsen og Monsen.
Dei startar no opp att med Opne hus, der det blir to vesentlege endringar frå 2025:
Opne hus blir på torsdagane.
Opne hus blir annakvar veke.
Mange av arrangementa var fullbooka i 2025, så det kan vere lurt å melda seg på tidleg i 2026!
Oversikt over alle arrangement for våren 2026 finn ein på kvinnherad.friskus.com Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Ein finn også lista under Opne Hus Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. her på kommunen si eiga nettside. Her kan ein melde seg på i lenka som ligger i kvart arrangement. Vi har også ein eigen påmeldingstelefon: 404 09 290. Den er open kvar måndag-tysdag og onsdag kl. 10-14.
Påmeldinga er open for alle arrangementa.
Kva er opne hus?
Opne hus er møteplassar forskjellige stader i Kvinnherad som skjer på torsdagar annakvar veke på dagtid. Her kan man ete saman, oppleve noko kulturelt, naturoppleving og kanskje lære noko nytt? Alle arrangementa og behov for transport er gratis, men krev påmelding.
Kontakt oss gjerne!
Bente Nilsen, mobil: 47488596, Konstituert avdelingsleiar Kvinnherad frivilligsentral, Kvinnherad kommune
Lene Vangberg Monsen, mobil: 99083989. Frivilligkoordinator institusjon, Kvinnherad kommune.
Sist oppdatert
