Jaktresultata for 2025 er no talde opp. Denne rådyrbukken blei truleg berre skoten av kameraet. (Foto: Atle Helland)
Jaktresultata for 2025
Rapporteringa etter jakta i 2025 er no oppsummert.
JAKTRESULTAT 2025
Rådyr
Det har no vore rådyrjakt i Kvinnherad i 15 år og totalt er det skote 330 rådyr i løpet av åra.
Det var 26 jaktvald som har søkt om fellingsløyve på rådyr og det var totalt 117 løyver.
Siste året vart 21 dyr felt
Hjort
Det vart tildelt 1811 løyve og felt 1307 dyr, noko som er 87 færre enn i fjor.
Fellingsprosenten endar då på 72 %. Det er no 90 jaktvald med totalt 548 754 dekar teljande areal. Det er 45 vald som er medlemer i bestandsplanområder og 45 vald er utan.
Snittvektene held seg relativt stabile samanlikna med i fjor, med berre små variasjonar knytt til alder og kjønn. Som vist i tabellen, enda den totale vekta av hausta hjortekjøt på nesten 54 tonn og det er om lag 2.000 kg mindre enn året før.
Det bestandsplanområdet med flest medlemsvald, Søre Kvinnherad og Åkrafjorden har kome ut med ein total fellingsprosent på 73 %. Kalveandelen er 34 % og 33 % for ungdyr av begge kjønn.
Hjort | Hann kalv | Ho kalv | Årings bukk | Årings kolle | Eldre bukk | Eldre kolle | SUM |
Felte dyr | 263 | 194 | 221 | 208 | 187 | 234 | 1 307 |
Fordeling % | 20 | 15 | 17 | 16 | 14 | 18 | 100 |
Snittvekt | 24,09 | 22,18 | 43,77 | 38,78 | 70,58 | 53,08 | |
Total kg | 6335,67 | 4302,92 | 9673,17 | 8066,24 | 13198,46 | 12420,72 | 53997,18 |
Sist oppdatert
