
Tema i kurset er sjukdomslæra, tilbod til pårørandeog personar med demens, pårørande si oppleving ogmeistring, framtidsfullmakt og kommunikasjon medmeir. (Foto: Pixabay)
Pårørandeskule
Hukommelsesteamet arrangerer kurs om demenssjukdom for pårørande.
Kurset er for deg som har eit familiemedlem med demenssjukdomn. Personen med demenssjukdom kan bu heime eller på institusjon.
Kurset er onsdagane 4., 11., 18. og 25. mars i Kvinnherad Vekst sine lokale frå kl. 17.00-20.00.
Tema i kurset er sjukdomslæra, tilbod til pårørande og personar med demens, pårørande si oppleving og meistring, framtidsfullmakt og kommunikasjon med meir.
Her vil du få møta andre i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
Påmelding til hukommelses.teamet@kvinnherad.kommune.no eller sms til 91757194 innan måndag 2. mars.
Sist oppdatert
