Isen kan vera utrygg på vatn som er regulert av Statkraft Energi AS, opplyser kraftprodusenten. (Foto: Statkraft)

Isen kan vera utrygg på vatn som er regulert av Statkraft Energi AS, opplyser kraftprodusenten. (Foto: Statkraft)

Åtvarar om utrygg is

I kjølvatnet etter den tragiske drukningsulukka i Tysvær minner Statkraft med fleire om at det er usikker is på vatn i Kvinnherad, både i fjellet og låglandet.

Det er ingen som har eit overordna ansvar for å måla kor tjukk isen er, eller å merka vatn som trygge. Det går difor ut ei brei oppmoding om at kvar og ein tar dei forholdsreglar ein kan for å forsikra seg om at vatnet ein har tenkt å bevega seg utpå har trygg is.

Erfarne naboar referer at blant anna Opsangervatnet har straumar og bekkenedløp som gjer at det oppstår råker og tynnare is på vatnet.

Farleg is på regulerte vatn og vassdrag som er påverka av reguleringa

Isen kan vera utrygg på vatn som er regulert av Statkraft Energi AS, Hardanger. Spesielt gjeld dette rundt inntak, i kanalar og ved inn- og utløp av overføringstunnelar. Varierande vasstand fører generelt til svak is langs land. Ved låg magasinfylling og ved nedtapping av magasin, kan det vera fare for ras av isblokker, og at isen langs land vil sprekka. Desse sprekkene er ofte gøymde av eit snølag, og det må difor utøvast stor aktsemd ved passering inn og ut på isen, skriv Statkraft i ei åtvaring.

Dei viser til iskart.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. i NVE-regi der du finn meir opplysningar om ulike område, og oppmodar om å velja trygg rute, og respektera skilting og inngjerding.

– Område med spesielt stor risiko blir inngjerda og merka. Statkraft markerer også trygge ruteval med merkestikker. Dette vil vera område med fare for svak is eller holrom under snø som skuldast temperert vatn eller sterke straumar i vassdraget. Me ber om at merka ruter vert følgt og vis respekt for inngjerding og skilting. Forholda kan endra seg raskt, så meld gjerne frå om usikre forhold, ber Statkraft.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay