
Det er no Norovirus-smitte på både Husnestunet, Halsnøytunet og Rosendalstunet.
Norovirus på institusjonane våre
Det er framleis utbrot av norovirus på institusjonane våre. Både Husnestunet, Halsnøytunet og Rosendalstunet har no smitte.
Kvinnherad kommune har no gått ut med ei tilråding om at andre tilsette som har oppgåver knytt til desse bygningane må vurdera om det er naudsynt med fysisk oppmøte i denne perioden. Blant anna skal alle møte som kan takast digitalt skal gjerast digitalt i dei aktuelle tenestene ein periode framover.
– Kritiske funksjonar må sjølvsagt prioriterast, men om ein må møta fysisk skal ein vera merksam på smitteførebygging og ta råd frå tilsette på staden. Me rår også til at ein vurdera om det er naudsynt med besøk til bebuarane i denne perioden, seier fungerande kommunalsjef Geir Ove Fosse.
Han minner om god handhygiene og at handdesinfeksjon ikkje verkar mot norovirus. Det er handvask med såpe og vatn som gjeld!
– Noroviruset er frykteleg smittsamt, og ein kan bli resmitta kort tid etter ein var sjuk. Det smittar også før du blir sjuk, og det er med på å spreia sjukdommen mykje før folk får utbrot. Dette er kanskje tida for å venta litt med besøk til situasjonen har fått roa seg noko, tilrår kommuneoverlege Glenn A. Opland.
Sist oppdatert
