
Informasjon til føresette om Fritidskortet
Fritidskortet skal bidra til auka deltaking og inkludering i fritidsaktivitetar, hindra utanforskap og er for born og ungdom frå 6-18 år.
Kva er Fritidskortet?
Fritidskortet er ei økonomisk støtteordning som skal dekka kostnadar knytt til faste og organiserte fritidsaktivitetar. Kvart barn kan få inntil 4000 kr. pr. år i støtte.
Kven kan få Fritidskort?
Fritidskortet er for brn og ungdom frå 6-18 år som av ulike økonomiske årsaker har behov for støtte til å dekka kostnadar knytt til fritidsaktivitetar. Du treng ikkje å dokumenterA inntekt – vi stolar på at dei som søkjer har eit behov.
Formålet med Fritidskortet
Fritidskortet skal bidra til auka deltaking og inkludering i fritidsaktivitetar, og hindra utanforskap. Målet er at alle born skal ha moglegheit til å delta, uavhengig av økonomisk situasjon.
Slik søkjer du:
- Gå til: Kvinnherad.friskus.com
- Foreldre/føresette må oppretta ein personleg konto. Under «Profil» finn de «Opprett Fritidskonto»
- Fyll inn fødselsnummeret til barnet/ungdommen som skal ha Fritidskortet. Verifisering med BankID.
- Vel arrangør(lag/organisasjon) i søkefeltet. Vidare fyller du inn betalingsinformasjon frå fakturaen.
- Fakturaen blir behandla konfidensielt, og laget/organisasjonen får ikkje innsyn i kven som har betalt via Fritidskortet.
Før ein kan betala med Fritidskortet, må laget/organisasjonen ha registrert seg som Fritidskort-mottakar. Det vert jobba kontinuerleg med å få alle lag/organisasjonar til å registrera seg. Ta kontakt dersom laget/organisasjonen ikkje er registrert, så hjelper vi deg med dette.
«Alle barn og unge skal kunne delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet i lag med andre.» Fritidserklæringa Vestland
Anette Hjelmeland Bauge - 940 14 348 Anette.hjelmeland@kvinnherad.kommune.no
Benedichte Indergård Sandvik - 959 20 374 Benedichte.indergard.sandvik@kvinnherad.kommune.no
Sist oppdatert
