
Første gravemaskintaket er tatt. No er arbeidet med Helsehuset i gang.
Første spadetaket for Helsehuset
Ordførar Vegard Bjørnevik stod for det aller første gravemaskin-spadetaket då arbeidet med Helsehuset på Husnes fysisk starta.
Dimmelsvik Entreprenør har grunnarbeidet på oppdrag frå Engelsen Total, og hadde brukt den første veka i februar til å ta ned tre, gjerda inn Helsehus-tomta og ha det meste klart for det aller første spadetaket.
– Målet er å vera ferdig med Helsehuset sommaren 2027, sa ordførar Vegard Bjørnevik før han sette seg i gravemaskinen og foretok startskotet på byggjearbeidet.
– Målet er å vera ferdig med Helsehuset sommaren 2027, og når eg ser på alt helsepersonellet som er her, så er det noko dei også ser veldig fram til. I dag er me i gang. Alle avgjersler er tatt, og ordføraren er så heldig at han skal få ta første spadetaket med gravemaskinen, fortalte ordførar Vegard Bjørnevik til dei frammøtte.
Og dei frammøtte var talrike. I tillegg til eit dusin frå Dimmelsvik Entreprenør, var det først og fremst tilsette ved Husnes helsesenter som både gjorde mest av seg vokalt og fysisk. I tillegg var tilsette frå folketannrøkta til stades for å sjå at arbeidet med det som skal bli deira nye arbeidsstad starta opp.
Kommunelege og tilsette ved Husnes helsesenter organiserte ei ad hoc flaggborg for å markera kor stas dei syns prosjektstarten er.
– Eg ser ut som eg har greie på det eg skal gjera no – og det har eg, men det er ein stor tryggleik at det er så mange her frå helse, fleipa Bjørnevik før han sette seg i gravemaskinen.
Litt mild vaksenopplæring frå Atle Søllesvik sette Bjørnevik i stand til å fungera som gravemaskinførar, og ordføraren – forskriftsmessig iført blå hjelm, jobbejakke og ordførarkjede – starta gravinga med den største tenkelege selvfølgelegheit. No er det fysiske arbeidet med Helsehuset i gang.
Oppmøtet av spente og forventingsfulle byggjarar, brukarar og eigarar av prosjektet var stort, og speglar entusiasmen for Helsehuset.
Dimmelsvik Entreprenør skal vera ferdig med grunnarbeidet i løpet av mars. Deretter kjem kring seks veker med betongarbeid før Engelsen Total startar reisinga av bygget. Målet er tett bygg i løpet av sommaren. Etter planen skal bygget vera klart til bruk i løpet av sommaren 2027.
Sist oppdatert
