
Det er eit pågåande norovirus-utbrot på Rosendalstunet og i heimetenesta. Pårørande blir bedne om å vera nøye med handhygiene i samband med eventelle besøk. (Foto: Mette Sandvik)
Pågåande norovirus-utbrot på Rosendalstunet og i heimetenesta
I førre veke vart Husnestunet råka av viruset. Denne veka har det tatt for seg på Rosendalstunet og heimetenesta.
– Det er stadfesta to tilfelle av norovirus ved institusjon i dag (fredag 30. januar). Det er også sjukdomstilfelle med oppkast og diaré i heimetenesta og på institusjon både hos pasientar og personale, opplyser Tone Tufta Gaugstad, leiar Rosendalstunet.
Pårørande blir oppmoda om å vurdera behovet for besøk opp mot risikoen for smittespreiing.
Tufta Gaugstad minner dei som vitjar Rosendalstunet i denne tida bør vera ekstra nøye med handhygienen, både for å unngå å bli smitta sjølve og for å hindra vidare spreiing av viruset.
Sist oppdatert
