Lørdag 21. mars inviterer Hold Norge Rent heile landet til å delta på den årlege nasjonale Vårryddedagen. Det er ikkje den einaste aksjonen dei inviterer til. Desse skuleelevane frå Omvikdalen var med på Strandryddeveka i 2023.

Lørdag 21. mars inviterer Hold Norge Rent heile landet til å delta på den årlege nasjonale Vårryddedagen. Det er ikkje den einaste aksjonen dei inviterer til. Desse skuleelevane frå Omvikdalen var med på Strandryddeveka i 2023.

Dette er datoane for dei nasjonale ryddeaksjonane

Hold Norge Rent mobiliserer kvart år frivillige til dei nasjonale ryddeaksjonane Vårryddedagen, Byryddedagen og Strandryddeuka.

Vårryddedagen blir i år laurdag 21. mars

Då inviterer Hold Norge Rent til årets første nasjonale ryddeaksjon.

Vårryddedagen bidrar kvart år til å fjerna store mengder søppel frå norsk natur, før ferdselsforbodet for å beskytte hekkande fugl trer i kraft 15. april. Ønskjer du å bli med og rydda? Du kan setja i gang din eigen ryddeaksjon, ta med bedrifta di eller sjå etter ryddeaksjonar i ditt nærområde i arrangementskalenderen. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Alt du treng er eit par hanskar, sekk eller pose og ein plan for avfallshandtering før ein går ut og plukkar søppel. Det går fint å rydja aleine, eller du kan sjå etter aksjoner som er opne for påmelding i Rydde Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Du kan også oppretta ein aksjon sjølv som er open for påmelding.

Byryddedagen blir i år 9. mai. Dagen er ein nasjonal ryddedugnad som har som mål å fjerna søppel i byer og tettstader.

Strandryddeveka er den siste av dei tre store, nasjonale ryddedugnadane, og finn i 2026 stad 11. – 20. september. Dette er Norges største nasjonale ryddedugnad, og samlar årleg minst 15.000 frivillige til å rydja landet over.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay