Det er utbrot av Norovirus ved fleire avdelingar på Husnestunet. Pårørande blir bedne om å vurdera om det er naudsynt med besøk denne veka. (Arkivfoto)

Det er utbrot av Norovirus ved fleire avdelingar på Husnestunet. Pårørande blir bedne om å vurdera om det er naudsynt med besøk denne veka. (Arkivfoto)

Utbrot av Norovirus – ber pårørande vurdera om besøk er naudsynt denne veka

Torsdag melder leiinga ved Husnestunet om utbrot av Noro-virus ved institusjonen. Pårørande blir oppmoda om å vurdera behovet for besøk opp mot risikoen for smittespreiing.

– Me har utbrot ved fleire avdelingar og me jobbar fortløpande med å få kontroll på viruset. For å halda spreiinga på lågaste mogelege nivå, ber me pårørande vurdera om det er naudsynt med besøk på Husnestunet denne veka, seier einingsleiar ved institusjonstenesta Tove Omdal.

Ho minner i same slengen om at dei som vitjar Husnestunet den neste veka bør vera ekstra nøye med handhygienen, både for å unngå å bli smitta sjølve og for å hindra vidare spreiing av viruset.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay