Tusen takk for rause gåver oppunder jul, helsar Borgjo bufellesskap. (Foto: Privat)

Tusen takk for rause gåver oppunder jul, helsar Borgjo bufellesskap. (Foto: Privat)

Takkar for rause gåver

Kjære Rosendal Fjordhotell og Helselaget!

Borgjo bufellesskap vil med dette rette ei stor og hjarteleg takk til Rosendal Fjordhotell for all den gode maten me fekk gratis i samband med jula. Dette vart svært godt sett pris på, og skapte mykje glede for både bebuarar og tenesteytarar knytt til bufellesskapet.

Me vil òg rette ein varm takk til Helselaget for den rause pengegåva me fekk. Gåva har kome godt med og bidreg til trivsel og fine julegåver for dei som bur i Borgjo bufellesskap. Og ikkje minst til Gjøa som donerte gåvekort til oss.

Tusen takk for omtanke, rausheit og støtte. Slike bidrag betyr mykje for oss alle.

Med venleg helsing
Borgjo bufellesskap

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay