
Det er gult farevarsel for vind i Kvinnherad natt til måndag. (Skjermdump frå varsom.no)
Gult farevarsel for vind: Oppmodar om å sikra lause gjenstandar
I løpet av søndagen skal vinden auka på, og natt til måndag og fram til ettermiddagen er det venta opp i orkan i kasta fleire stader i Kvinnherad.
Med dei vindstyrkane som er varsla, viser erfaringar at lause gjenstandar ofte bles av garde. Det kan gje farlege situasjonar og skade på både menneske og eigedom. Ein blir difor oppmoda om å sikra lause gjenstandar for å unngå dette.
Det kan også vera fornuftig å sjekka at både båtar og trampolinar er godt fortøydde og riktig sikra.
Dersom det fell tre over straumlinjer, kan BKK eller Fagne varslast. Kontaktinformasjon finn du her:
www.bkk.no/meld-fra-om-farlige-forhold Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
fagne.no/stromstans-og-feil/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Om det tilsvarande er trefall over fylkesveg, er det Vestlands fylkeskommune som treng å få varselet. Kontaktinformasjon finn du her: https://www.vestlandfylke.no/fylkesveg/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
