Ordførar Vegard Bjørnevik fekk æra av å klippa snora og erklæra den nye Husnes barneskule for opna, men han påpeika også at det var det føregåande kommunestyret som gjorde nybygginga mogeleg.

Ordførar Vegard Bjørnevik fekk æra av å klippa snora og erklæra den nye Husnes barneskule for opna, men han påpeika også at det var det føregåande kommunestyret som gjorde nybygginga mogeleg.

Opna nyeskulen med snorklipp og ukulele

Måndag 5. januar vart Husnes barneskule tatt i bruk for aller første gong. Det vart feira med snorklipp, talar, ukulelespel og så mykje fest som første måndag i januar tillét.

Sjølv om skuleklokka kalla inn elevane 0830 denne morgonen, vart sjølve opningsseansen lagt til klokka 11. Den vart naturleg nok leia av rektor Beret Sirma-Tellefsen Hveem.

Rektor Beret Sirma-Tellefsen Hveem var tydeleg stolt i møtet med elevane måndag.

Rektor Beret Sirma-Tellefsen Hveem var tydeleg stolt i møtet med elevane måndag.

– For meg som rektor er dette ein heilt spesiell dag. Eg kjenner på stoltheit, glede og takksemd når eg står her i dag, sa då ho opna.

Ho presiserte for dei sju klassetrinna som sat i biblioteket at denne skulen er laga for dei, og for framtida dei skal møta.

– Her skal de få læra på mange ulike måtar. De skal få bruka både hovudet, hendene og kreativiteten dykkar. Det de lærer her, håper eg de tar med dykk vidare i livet – uansett kva draumar og veger de vel seinare, la ho til.

tredjetrinnet stod for ukulelespel og korsong.

tredjetrinnet stod for ukulelespel og korsong.

Ordførar Vegard Bjørnevik sa seg stolt over å vera ordførar i ein kommune som satsar så mykje på barn, unge og læring.

– I dag opnar me og tar i bruk skulen på Husnes. Me opnar ikkje berre ein skule, men ein møteplass, og ein stad som skal gi læring, meistring og framtidstru. Dette bygget er fullt av mogelegheiter, men det er folk som fyller den med liv, sa ordføraren.

Saman med elevrådet sytte han for at ei brei, fin snor vart klipt over, ei handling som symboliserte at endeleg kunne nye Husnes barneskule takast i bruk.

Kommunalsjef for oppvekst Heidi S. Solheim takka dei folkevalde for at dei gjorde investeringa i ny skule på Husnes mogeleg. Ho takka også Consto Bergen as for deira arbeid med å byggja skulen.

Rektor Beret Sirma-Tellefsen Hveem (t.v.) i passiar med kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen, Marius Midtun Egeland frå Consto Bergen as, einingsleiar for bygg Knut Bjørgvik og einingsleiar for prosjekt Erlend Bøyum.

Tredjetrinnet ved skulen stod for hovudunderhaldninga med både ukulelespel og korsong. Heile opningsseansen vart avslutta med at alle elevar og lærarar saman song Grand Prix Junior-klassikaren «Vestlandet», ein song som opnar for å ta godt i og visa både stemmeprakt og livskraft hos dei som syng med.

Etter stunda i fellesarealet var det klart for pølse- og kakefest i klasseromma.

Sjuandetrinnet er allereie bra husvarme i nytt klasserom, leia av mellom anna Nikolai Fjellandsbø.

Sjuandetrinnet er allereie bra husvarme i nytt klasserom, leia av mellom anna Nikolai Fjellandsbø.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay