
Foreldregrupper - Tryggleikssirkelen (COS-P) våren 2026
COS-P rettar seg mot foreldra si evne til å forstå barnet sine grunnleggjande behov for tryggleik, å høyre til og autonomi. Når barnet sine behov blir forstått vil barnet si kjensle av tryggleik og forståing av seg sjølv auke. Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg i seg sjølv, slik at det vil stå sterkare til å møte utfordringar i livet.
Tilbakemelding frå foreldre som har delteke tidlegare;
«Dette anbefalar vi for alle»
«Dette er også for foreldre som ikkje kjenner eit stort behov for rettleiing»
«Samlingane gir ei større forståing for barnet sine behov og reaksjonar»
Målgruppa er foreldre og andre omsorgspersonar for born i alderen 10 månadar til 8 år.
Samlingane er for alle. Du treng ikkje oppleva at foreldrerolla er spesielt vanskeleg eller at barnet ditt har særskilde behov, for å delta. Samlingane føregår i grupper med omlag 8 omsorgspersonar over 8 samlingar med ei varigheit på ca. 1,5 time ein gong i veka. Samlingane er gratis.
Samlingar våren 2026:
Me startar med to grupper på dagtid og ei på kveldstid.
Gruppe 1
Samlingane blir onsdagar kl. 12.30-14.00 og startar onsdag 21. januar.
Kurshaldarar Ann Helen Lyngnes og Martha Gjevre Tjelle.
Gruppe 2
Samlingane blir onsdagar kl. 16.30-18.00 med oppstart onsdag 21. januar.
Kurshaldarar Ann Katrin Aksnes Haugland og Linda Saghaug
NB! Kurset er fullt.
Gruppe 3
Samlingane vert torsdagar kl. 14.00-15.30 og startar torsdag 22. januar.
Kurshaldarar Anette Huse og Anita Røen.
Påmelding innan fredag 16. januar til
Linda Saghaug
Telefon: 90 36 83 61
E-post: linda.saghaug@kvinnherad.kommune.no
Vi har tidlegare erfart at det er kjekt om venegrupper melder seg på COS-P saman, eller dannar eiga gruppe som kan ta kontakt for å få COS-P samlingar.
Sist oppdatert
