Kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen (t.v.), lærar og kontaktperson Lauren Egli, studentane Sydney Zabel, Drew Jones, Jessica Korn, Lauren Hanson og ordførar Vegard Bjørnevik møttest til lunsj og omvising på rådhuset.
Takka dei amerikanske studentane
I kring 20 år har Kvinnherad kommune hatt eit samarbeid med Iowa State University, som har sendt utvekslingsstudentar hit. Haustens kvartett er på oppløpssida av sitt opphald.
– Me har eit samarbeid med Iowa State University som gjer at me får to puljar med studentar i året. Studentane er så godt som ferdig utdanna når me får dei hit, og me prøver å organisera oss slik at så mange skular som mogeleg får nytte av dei, seier oppvekstrådgjevar Eva Refvik.
I haust er det Sydney Zabel, Drew Jones, Jessica Korn og Lauren Hanson som har bytta Iowa med Kvinnherad. Refvik er tydeleg på at skulane syns det er strålande å ha studentane i praksis, og at elevane elskar dei.
– Studentane er ikkje kunnige i norsk. Dermed får elevane våre øva seg på å snakka engelsk. I sum er dette veldig nyttig for elevane våre. Studentane kjem til ein heilt annan skule enn dei er vane med, men dei kjem også med andre impulsar, leiker og metodar enn våre elevar vanlegvis blir eksponerte for, legg Refvik til.
Lunsj med kommuneleiinga
Ei veke midt i opphaldet er professoren deira i Kvinnherad og observerer dei. Lauren Egli, som sjølv var utvekslingsstudent frå Iowa State University i Kvinnherad, er koordinator for studentane. Ho skipar til ein «Meet & Greet» når dei kjem, ei felles samling for å bli kjente med kvarandre.
I førre veke var Egli og studentane på omvising i rådhuset og fekk med seg lunsj med ordførar Vegard Bjørnevik og kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen. Med seg derifrå fekk dei mellom anna ei takk for impulsane og språktreninga kvartetten har tatt med seg til Kvinnherad.
– Det er veldig positivt at rektorar og lærarar tar i mot studentane i ein hektisk kvardag. Dei ser at dette er nyttig for elevane våre, og då gjer dei slike prioriteringar som å få dette til. Både skulane og elevane vinn på at desse studentane kjem hit, er Eva Refvik tydeleg på.
– Det var veldig kjekt å få helsa på dei. Dei er utadvente og flinke studentar, som me set stor pris på at er her. Det er bra for Kvinnherad med internasjonal utveksling, noko som er med på å gjera oss til eit rikare samfunn. Og me gler oss allereie til neste gruppe kjem, kommenterer ordførar Vegard Bjørnevik.
Samarbeidet med amerikanske universitet har gått i kring 20 år no, og det kjem ei ny gruppe i mars. Haustens gjeng har budd på Halsnøy og vore på Øyatun skule, Husnes ungdomsskule, Sunde skule og Valen skule.
Sist oppdatert
