Skulekameratane til Rosendal FUS Barnehage song inn både jula og kommunestyremøtet.
Stemningsfull start på årets siste kommunestyremøte
Ordførar Vegard Bjørnevik hadde gøymt eit par stemningsskapande ess i ermet til starten av årets siste kommunestyremøte.
Dei færraste i kommunestyresalen hadde aning om kva som var på gang då lyset i kommunestyresalen vart dempa. Inn kom Lucia-kledde skulekameratar frå Rosendal FUS Barnehage med lys i hendene og song i strupene.
Det var ei andektig stund som lokalpolitikarane tydeleg sette pris på, noko dei viste med rungande applaus etter «Ei stjerne skin i natt». Etterpå vanka det lussekattar til politikarane, før gamleprosten – som ordføraren kallar han – Svein Arne Theodorsen delte ord og tankar med politikarane.
Svein Arne Theodorsen talte til kommunestyrerepresentatane i forkant av møtetstarten.
Utover dag skal politikarane mellom anna gjera det viktigaste vedtaket for 2026: kommunebudsjettet for det komande året skal landast.
Sist oppdatert
