
I statuttane står det at kulturstipendvinnarar skal gje noko tilbake til Kvinnherad i form av framsyning, utstlling eller liknande. Fjorårsmottakar Christian Meaas Svendsen gir like godt fem konsertar!
Takkar for kulturstipendet med fem konsertar
I fjor fekk musikaren Christian Meaas Svendsen kulturstipendet til Kvinnherad kommune, og kvitterer med heile fem konsertar no fyrstkomande helg, frå 12.–14. desember.
I samarbeid med Kyrkja i Kvinnherad vil han halde konsertar i Kvinnherad, Uskedal, Valen, Hatlestrand og Åkra kyrkjer. Uskedal kyrkje er, som vi veit, stengd for augneblinken, og det blir arbeidd med å finna ei erstatning.
Christian fekk stipendet for å fordjupa seg i eit tradisjonelt japansk blåseinstrument som heiter shakuhachi. Konserten er berre han og denne fløyta. Han lovar ei meditativ konsertoppleving med ei god blanding av norske salmar og japansk tradisjonsmusikk. Konserten er gratis og varar ca. 40 minutt. Dørene opnar 15 minutt før konsertstart.
Fredag 12. desember
Kvinnherad kyrkje – 19:30
Laurdag 13. desember
Uskedal kyrkje – 16:00
Valen kyrkje – 18:30
Søndag 14. desember
Hatlestrand kyrkje – 10:00
Åkra kyrkje – 18:00
Sist oppdatert
