Kristin Lindvik (t.v.), Statkraft sin leiar for kraftverka i Hardanger, i samtale med beredskapskoordinator i Kvinnherad kommune Gunn Tove Petterteig.

Kristin Lindvik (t.v.), Statkraft sin leiar for kraftverka i Hardanger, i samtale med beredskapskoordinator i Kvinnherad kommune Gunn Tove Petterteig.

Samla Beredskapsrådet

Tysdag var Kvinnherad beredskapsråd samla til sitt halvårlege møte. På sakskartet stod både oppsummering etter stormen «Amy» og totalberedskapsåret 2026.

Då beredskapsrådet var samla i kommunestyresalen, var det representantar frå både politi, brann og redning, militæret, Røde Kors, kraftbransjen, Kvinnherad Breiband, Hydro Husnes, kyrkja samt leiargruppa til kommunedirektøren.

– Det er ønske om veldig breie beredskapsråd ute i kommunane, råd som har tenkt på mykje og som kjenner kvarandre, innleia nettopp kommunedirektøren møtet med.

Møtelyden talde 25, noko som understøtta ønsket om breitt beredskapsråd. Føremålet med eit beredskapsråd er å styrka samordning og samarbeid mellom alle aktørar som har ansvar for beredskap og krisehandtering. Rådet fungerer som eit forum der offentlege etatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar møtest for gjensidig informasjonsutveksling og koordinering av beredskapsarbeidet.

Kort oppsummert koker det det ned til dette spørsmålet:

– Kva kan me bidra med og hjelpa med når situasjonen krev det, og kva kan me gjera for å raskast råd koma tilbake til normalsituasjonen?

– Kommunen har koordineringsrolla i samanhengar der beredskapsrådet blir samla, med mindre me er i krigstid, kor då militæret overtar dette ansvaret, påpeika beredskapskoordinator i Kvinnherad kommune Gunn Tove Petterteig, som var møteleiar.

Oppsummeringa etter stormen «Amy» konkluderte med at ein i Kvinnherad er heldige, for det er få plasser det raser utanom mellom Nordrepollen og Austrepollen. Vind derimot, slår verre ut hos oss.

– Kvinnherad kommune hadde ein runde med alle einingane som har vakt, og dei førebudde seg så godt dei kunne. I alt var 38 personar ute og jobba med å rydda tre, berga hus og skuter. Ein fekk mykje hjelp av lokale bedrifter også, og folk jobba på spreng for å få rydda opp, forklarte Petterteig.

I etterkant samla ein alle til møte, slik at leiargruppa i kommune fekk oversikt over omfanget. Ein hadde også møte med BKK.

– Vindretninga under «Amy» var annleis enn vanleg, noko som gav fleire velta tre. Dette vil skje igjen. Håpet er at me har lært av denne runden med «Amy». Med tanke på at somme var straumlause ei tid under stormen, er det på plass å minna om eigenberedskapsråda om at ein skal klara seg i sju dagar, og at dette også gjeld for bedrifter, understreka Petterteig.

Det vart også brukt litt tid på Totalforsvarsåret 2026.

– Det blir eit felles krafttak for totalforsvaret. Me skal førebu oss slik me kan førebu oss, med fokus på å beskytta lokalbefolkninga og understøtta militære operasjonar. Og me skal gjera jobben vår sjølv om det blir ein krig. Målet er eit trygt Norge, og me skal gjennomgå og testa beredskapsplanar for å sjå at me er budde, sa Petterteig.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay