Ingvald T. Nilsen-Nygaard (gitar, t.v.), Nikolay Balbekov (trommer), Kiril Zimin (saksofon), Maria Malmsten (song) og Yuko Shuto (piano) leverte ein stemningsfull førjulskonsert i rådhuskantina på måndag.

Julekonsert i rådhuskantina

Juleklassikarar og eksotisk vise frå Sverige stod på programmet då kulturskulelærarar heldt ved like førjulstradisjon.

Ingvald T. Nilsen-Nygaard (gitar), Maria Malmsten (song), Yuko Shuto (piano) og Nikolay Balbekov (trommer) var med rektor og saksofonist Kiril Zimin då kulturskulelærarane laga til førjulskonsert i rådhuskantina under lunsjen måndag.

Det var knappast ein ledig stol i kantina denne dagen.

Det var knappast ein ledig stol i kantina denne dagen.

Om finrekninga er å lita på, var dette ein tradisjon som starta for åtte år sidan, ein tradisjon som definitivt er verd å halda på.

I alt serverte kvintetten ti songar og melodiar medan dei rådhustilsette fortærte lunsj, julebrødkake og gløgg. Det var spenn i den musikalske førjulsgåva, frå «Mitt hjerte alltid vanker» via den svenske tradisjonsvisa om Sankt Staffan (Stefanus i norsk tradisjon) til dei meir amerikaniserte klassikarane som «Let it snow» og avsluttingsnummeret «Rockin’ around the Christmas Tree».

I sum var det ei gjevande og stemningsfull stund. Tusen takk for konserten, me ser allereie fram til neste gong kulturskulelærarane kjem på besøk!

Maria Malmsten tok seg gjennom nokre av dei 29 versa i den svenske tradisjonsvisa om St. Staffan.

Maria Malmsten tok seg gjennom nokre av dei 29 versa i den svenske tradisjonsvisa om St. Staffan.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay