
Engelsen Total-leiar Tor Gunnar Isdahl (t.v.) og ordførar Vegard Bjørnevik tok kvarandre i handa på helsehusavtalen. 1. februar går spaden i jorda.
Signerte avtalen om helsehus på Husnes
Onsdag tok ordførar Vegard Bjørnevik og dagleg leiar i Engelsen Total Tor Gunnar Isdahl kvarandre i handa på avtalen om bygging av helsehus på Husnes.
Det er Engelsen Total AS som skal byggja helsehuset på Husnes for Kvinnherad kommune. I tillegg til arealet kommunen treng, skal både folketannrøkta og ambulansestasjonen inn i bygget.
Med namnetrekka på plass, er arbeidet for utbyggjaren allereie i gang.
– Me takkar for tillita og skal leggja oss i selen frå i morgon av, lova Roald Urnes, leiar for prosjektutvikling i Engelsen Total.
Dei håper på fysisk oppstart seinast 1. februar.
– Det er somme søknader som må gå gjennom først, blant anna til arbeidstilsynet og om deling av tomt. Underleverandørar er ikkje heilt på plass, me er i sluttforhandlingar på nokre felt, medan rådgjeving blant anna er av dei som er på plass, forklarte Isdal og Urnes.
Samspelskontrakt
– Denne saka har vore oppe i kommunestyret, og blitt sendt i retur for å få ein samspelsfase med utbyggjar, noko som har gjort prosjektet både betre og billegare. Det har også vore gjort ein kjempejobb frå prosjektavdelinga, seier kommunedirektør Leif Ove Mikkelsen.
Ordførar Bjørnevik peika på at saka om helsehus har vore opp i kommunestyret fleire gonger, og at eit godt samarbeid med administrasjon og politisk nivå har gjort prosjektet godt.
– Det er utruleg gledeleg at denne prosessen er landa, sa Engelsen-sjefen då avtalen var signert.
Kontraktsummen er på 156 millionar kroner. Oppstart skjer kring 1.februar, vonar Engelsen. På det meste kjem kring 50 fagarbeidarar til å vera i sving, rundt årsskiftet 26/27. Sluttdato er sett til 3. juni 2027.
Sist oppdatert
